Start » Karakterar 

Karakterar 

Info karakterar

Elevane vert vurdererte med talkarakterar, gradert etter skalaen 6 – 1. Karakteren vert gjeven etter ei vurdering av i kva grad eleven har nådd dei mål som er sett opp i læreplan for faget. Karakterane har følgjande innhald:

a) Karakteren 6 uttrykkjer at deltakaren har framifrå kompetanse i faget.

b) Karakteren 5 uttrykkjer at deltakaren har mykje god kompetanse i faget.

c) Karakteren 4 uttrykkjer at deltakaren har god kompetanse i faget.

d) Karakteren 3 uttrykkjer at deltakaren har nokså god kompetanse i faget.

e) Karakteren 2 uttrykkjer at deltakaren har låg kompetanse i faget.

f) Karakteren 1 uttrykkjer at deltakaren har svært låg kompetanse i faget.

I vidaregåande opplæring svarer bestått til karakterane 2 til 6.
Karakteren i faga orden og åtferd vert sett etter ein tre delt skala:

a) God (G): vanleg god orden og vanleg god åtferd

b) Nokså god (Ng): klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd

c) Lite god (Lg): i ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

Skuleåret er delt inn i to terminar. Første termin går fram til ca 15. januar og andre termin til slutten av skuleåret. Etter kvar termin vert det gjeve skriftleg melding om karakterar, fråvær o.a. Karakteren skal gje uttrykk for den
kompetansen eleven har oppnådd på det tidspunktet karakteren vert fastsett. Terminkarakterane skal supplerast med grunngjeving og rettleiing. Dersom fråværet er så stort at det er fare for at eleven ikkje kan få karakter i nokre fag, skal eleven/føresette få skriftleg varsel om dette. Føresette skal skrive under at varselet er motteke dersom eleven er under 18 år.

Ved slutten av skuleåret vert det gjeve standpunktkarakter i fag som er avsluttande.

Denne karakteren skal gje uttrykk for det nivået eleven har nådd fram til. I fag som ikkje er avsluttande, vert det gjeve Termin 2 karakter.

Ein kan ikkje gå opp til eksamen i fag der ein ikkje får standpunktkarakter. Ein elev som i løpet av året etter søknad til rektor får endra status til delkurselev, dvs. at eleven ikkje har full fagkrins, kan melde seg opp som privatist i fag der han/ho ikkje har elevstatus. Frist for oppmelding til privatisteksamen for våreksamen er 1. februar.

Studieførebuande utdanningsprogram

Vg1 Ca. 20 % av elevane skal trekkast ut til éin eksamen.

Vg2 Alle elevar skal trekkast ut til éin eksamen, skriftlig, munnleg eller munnleg/praktisk.

Vg3 Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål som førstespråk. Eksamen i norsk sidemål er trekkfag.

I tillegg til obligatorisk eksamen i norsk hovudmål skal elevane trekkast ut til:

Studiespesialiserende utdanningsprogram

I programområde for realfag og i programområde for språk, samfunnsfag og økonomi skal elevane trekkast ut til skriftleg eksamen i to fag. I tillegg skal elevane trekkast ut til éin munnleg eksamen.

Utdanningsprogram for idrettsfag

Elevane skal trekkast ut til eksamen i tre fag. Minst eit trekkfag skal vera innan programområde for idrettsfag.Utdanningsprogram for musikk, dans og drama.

Elevane skal trekkast ut til eksamen i to fag. I tillegg skal elevane opp til éin obligatorisk munnleg-praktisk eksamen i fag innan programområda for musikk, dans eller drama.

Elevar som ikkje kan møte til eksamen på grunn av sjukdom, må melde frå før eksamen om dette og leggje fram legeattest.

Elevar som av helsegrunnar (allergi, fysiske hemningar o.a.) må ha utvida eksamenstid eller særleg hjelp under eksamen, må leggje fram søknad om dette, med attestar, i god tid før eksamen.

Elevar som har gyldig forfall ved ordinær eksamen, har rett til eksamen om hausten same året. Det same gjeld elevar som har fått standpunktkarakteren 1 i eit fag som han/ho ikkje har vore uttrekt til ved ordinær eksamen.

Elevar som har fått karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny prøve til hausten. Eleven må då sjølv melde seg opp til eksamen ved skulen sitt kontor innan dei tidsfristar som vert oppgjevne.

Eleven har høve til å klage på karaktersetjinga. Dette gjeld eksamenskarakterar. Klage må vere framsett seinast 10 dagar etter at karakteren er gjort kjend.

For standpunktkarakterar er det ikkje karakteren, men om gjeldande føresegner for karakterfastsetjing er fylgde som vert vurdert av klagenemnda. Nærare opplysningar om framgangsmåten ved klage, kan ein få hjå faglærar.