Start » Skulereglement

Skulereglement

Skulereglement

Det er ikkje tillete å bruke omsetjingsverkty i framandspråk og norsk ved Voss gymnas.Dette gjeld i alt skulearbeid (både prøvar og oppgåver). Programvare av denne typen er forbode å ha på skule PCane. Dersom ein har denne typen programvare på sin PC og/eller nyttar slikt i skulearbeid, vert dette rekna som juks og der vert gjeve Åtferdsanmerkning som kan føre til nedsett karakter i Åtferd. Denne regelen vert innført frå og med 25.01.12 etter samråd med Opplæringsdirektøren 20.01.12. For spesielle forhold som ikkje er dekte av skulereglementet eller andre felles reglar som alt er gjevne av departementet eller fylkeskommunane, har Voss Gymnas ved rektor fastsett tilleggsreglar.

5.1 Trivsel
Eleven og alt personale som er knytt til skulen, utgjer skulesamfunnet. Samversforma i undervisninga og fritid må leggjast til rette både for elevane og dei tilsette, slik at det fremjer samarbeid og trivsel, respekt og medansvar for alle i skulesamfunnet.

5.2 Meldeplikt
Elevane har plikt til å melde frå til kontaktlærar dersom det går føre seg ting mellom elevane som kan skade miljø eller vere trugande for elevflokken.
Tilløp til mobbing må meldast til kontaktlærar snarast. Melding kan også leggjast i eige hylle på kontoret.
Tillitsvalde/vara skal melda frå til kontoret etter 10 minutt dersom lærar ikkje møter til undervisninga.

Skulereglement kan leses her

5.3 Merknad
Merknad dersom du kjem for seint inntil halve timen. Eleven pliktar å møta presis til undervisningstimane. Etter halve timen vert det ført timefråvær.
Merknad vert gitt om eleven har gløymt eller ikkje skaffa seg bøker/ utstyr.
Det vert gitt merknad ved ikkje innlevert oppgåve. Innlevering av arbeidsoppgåver skal skje til fastsett tid dersom eleven ikkje har søkt og fått utsett frist. Om eleven ikkje har ferdig heile oppgåva, skal eleven levera det han/ho har gjort.
Merknad for ikkje meld fråvær ved frammøte om morgonen og om du forlet skulen i løpet av skuletida; (§6 -8 HFK). Eleven må sjølv melde fråværet til kontaktlærar eller på kontoret.
Etter 3 dagar tek VOG kontakt med elev/føresette sjølv om eleven er over 18 år.
Brot på §3 -4 i HFK sitt reglement gir merknad (elektronisk utstyr/rusmidler mv.) og det same gjeld for uønska åtferd, §3-5 HFK.

5.4 Ordensreglar
Målet er god orden i fellesromma og klasseromma. Alle må hugse på at klasserommet er arbeidsplassen vår, unngå difor private samtalar og ” privatisering” av klasserommet. Sjå og oppslag i klasseromma. Elevane har ryddeplikt etter seg sjølve.
Ordenseleven har hovudansvar for at ordensreglane i klasserommet vert følgt.
Uteområdet ved skulen skal ryddast ein gong i veka. Dette går på omgang mellom klassane, elevrådet har ansvar for ryddelister.

5.5 Fråvær
Kontaktlærar må få melding om kroniske lidingar eller vanskelege sosiale forhold så tidleg som mogeleg i skuleåret.
Fråvær vert ført i Skoleportalen/SkoleArena. Fråvær under ekskursjonar vert rekna som anna skulefråvær.
NB! Eleven er sjølv ansvarleg for å halda oversikt over fråværet sitt og halda seg orientert om korleis ein ligg an i høve til vurdering i faget. Eleven finn dette ved innlogging på Skoleportalen.
Det er opp til klasselærarrådet i samarbeid med rektor å vurdera omfanget av fellesekskursjonar og felles-arrangement. Dei einskilde klassane kan ha sine eigne opplegg som då må godkjennast av rektor. Elevar som av ein rimeleg grunn ikkje kan ta del, har rett på undervisning/sjølvstendig arbeid.

5.6 Bruk av bibliotek
Biblioteket er ”stilleområde”.
Bøkene er til bruk for elevar og lærarpersonalet ved skulen. Ein skriv seg inn i ein eigen protokoll ved lån av bøker. Etter bruk har låntakaren plikt til å setje bøkene på rett plass i hyllene, og stryke seg i protokollen. Låntakarar som ikkje leverer boka/bøkene tilbake, vert fakturert for boka/bøkene sin verdi. Utlån av lærebøker. Hovudmoment i reglement frå Fylkesbiblioteket.
1. Eleven får lånekort på skulebiblioteket
2. Signatur på lånekort gjeld som godkjenning av lånereglane.
3. Eleven har ansvar for å levere bøkene tilbake i god stand
4. Eleven har erstatningsansvar dersom bøker kjem bort eller blir øydelagde

5.7 Bruk av spesialrom, verkstader og studio
Det er berre høve til å bruke kjemirom under tilsyn av lærar og andre spesialrom etter avtale med faglærar.
Eleven har plikt til å følgje vernereglar og bruke verneutstyr der det er naudsynt, jfr. instruksane for spesialromma.
Eleven har plikt å følgje instruks for kvart enkelt spesialrom/verkstad.

5.8 Oppslagstavler
Plakatar skal presenterast på kontoret for stempling før opphenging. Elevrådet har høve til å nytta oppslagstavla utan godkjenning. Plakatar utanfrå vert hengde opp på tavlene etter at dei er stempla på kontoret.

5.9 Utlån av musikk- og idrettsutstyr
Elev/føresatt skriv ved skulestart under kontrakt for reglar ved utlån av utstyr, og eleven skal ved kvart enkelt lån kvittere for det utstyr han/ho tek ut frå lager og tidsrom låneperioden gjeld for.
Eleven er erstatningsansvarleg for skade på skulen sine bygningar, utstyr og inventar når skaden kjem av aktløyse eller er tilsikta. Føresette er erstatningsansvarleg etter skadeerstatningslova § 1-2 .