Start » Studiespesialiserande

Studiespesialiserande

Studiespesialiserande

På studiespesialiserande utdanningsprogram vert du kvalifisert og godt budd til vidare studium ved høgskular og universitet. Utdanninga går over tre år (Vg1, Vg2 og Vg3), og du skal ha eit gjennomsnitt på 30 timar undervisning for veka i desse tre åra.

På Vg1 har du berre fellesfag, de vil seie norsk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving, men du vel mellom to ulike typar matematikk, praktisk eller teoretisk, og du vel kva framandspråk du vil ha, fransk, spansk eller tysk.

På Vg2 og Vg3 har du òg fellesfag (15 timar pr år), men i tillegg vel du 15 timar programfag (3 fag á 5 timar).

Etter tre år med denne utdanninga får du generell studiekompetanse. Det vil seie at du får tilgang til og studere ved universitet og høgskular, både i Noreg og i utlandet.

Vel du fordjuping innafor realfaga, matematikk, fysikk, kjemi, biologi, kan du få spesielle studiekompetanse som du treng dersom du planlegg ei utdanning på landbrukshøgskulen, t.d. veterinærutdanning, eller ønskje å verte ingeniør eller lege m.m.

Studiespesialiserande

Realfag

Voss gymnas har det breiaste realfagstilbodet på Voss.

Realfaga er nyttige fag, både med tanke på vidare utdanning og yrke. For å ta ein del utdanningar, sivilingeniør, lege, tannlege, veterinær o.l., må du ha spesiell studiekompetanse, og det får du med å ta ulike kombinasjonar av realfag.

I tillegg til det teoretiske inneheld faga øvingar, forsøk og praktiske oppgåver, som gjer faga annleis og spennande. Du kan velje mellom desse realfag: matematikk, fysikk, kjemi, biologi og informasjonsteknologi (IKT).

Du kan lese meir om dei ulike faga ved å klikke på linkar til kompetansemåla i læreplanane her:MatematikkSpråk, samfunnsfag og økonomi

Er du interessert å lære dei meir språk og lære om ulike sider ved samfunnet rundt deg så vil du finne mykje å fordjupe deg i blant desse faga. Er du interessert i korleis ulike grupper i samfunnet vårt er sette saman og fungerer? Liker du språk og historie? Høyrest det interessant ut å lære om korleis lover og reglar i samfunnet er? Kva med å lære meir om økonomi, både på eit personleg plan og i eit større samfunnsmessig perspektiv? Er du oppteken av media og likar å jobbe med lyd og bilete?

Dersom svaret er ja, på eit eller fleire av desse spørsmåla, finn du fag innan for dette området som vil interessere deg, og vil vere nyttige for deg når du skal ut i jobb eller ta meir utdanning.

Når du skal velje fordjuping kan du velje mellom desse faga: Internasjonal engelsk, samfunnsfagleg engelsk, engelskspråkleg litteratur og kultur, media og informasjonskunnskap, sosiologi og sosialantropologi, politikk og menneskerettar, historie og filosofi, økonomistyring og økonomi og leiing og rettslære.

Hjelp

Ver ikkje redd for å ta kontakt med faglærar, klassetyrar eller leiinga dersom det er ting du lurar på eller vil ha råd om. Her vil vi også gjera merksam på vidare tilbod:

Rådgjeving:

Skulen har to rådgjevarar, Elisabeth Sølvberg Aase og Helge Finne, som har kontor i 3. høgda. Hjå desse kan du få hjelp med spørsmål som har med skulen å gjera, med yrkesval, søknader til skular og arbeidsliv m.m. Dei kan også vera gode å ha når det gjeld personlege problem av ymse slag, og ver klar over at dei har teieplikt i slike høve. Rådgjevarane har god kontakt med hjelpeinstansar utanfor skulen, og dei kan hjelpe deg med å få kontakt med desse. Det gjeld t.d.:Pedagogisk psykologisk teneste (PPT-kontoret)

Her kan ein få hjelp med problem av ulik karakter. Kontoret hjelper med pedagogiske problem som lese/skrivevanskar, stamming o.a. som kan hemma læring. Du kan ta kontakt direkte (tlf. 56520480) eller gjennom rådgjevar.Oppfølgjingstenesta (OT)

OT er ei teneste som har til oppgåve å sikra at all ungdom får eit skikkeleg tilbod om utdanning. Dersom ein elev sluttar i løpet av skuleåret eller finn ut at den skulen ein har vald ikkje er den rette, så vil OT hjelpe til med å finna rett utdanningsveg vidare. Ver merksam på at skifte av skule/utdanningsveg må ordnast innan 1. nov. dersom ein ikkje skal miste eitt år av ”retten” til 3 års vidaregåande utdanning.