Start » Utdanningsprogram

Utdanningsprogram

Utdanningsprogram på Voss Gymnas

Musikk, dans drama: Musikklina

Utdanningsprogram for musikk, dans og drama har 20 elevplassar på vg1, og 15 elevplassar på vg 2 og 15 på vg 3. Søkjer du musikklina som 1. prioritet får du tilbod om ein opptaksprøve. Denne er ikkje obligatorisk, men du kan få tilleggspoeng for musikalsk dugleik. Dei aller fleste elevane kjem inn på grunnlag av karakterar og dei ordinære poenga dei har frå ungdomsskulen.

Voss gymnas har berre fordjuping i musikk på vg 2 og vg 3, og tilbyr ikkje fordjuping i dans og drama.

Som elev på musikklina får du vere med på konsertar både som utøvar og tilhøyrar, og kvart 3. år har vi ei større framsyning med musikk, dans og drama der alle musikkelevane er med.

Musikklina har ei eige side på Facebook –  der du kan lese om kva som rører seg til ei kvar tid for elevar og lærarar på ”lina”. Her får du vite meir om konsertane og framsyningane våre, og om livet på musikklina.
På www.udir.no/grep kan du finne meir informasjon om programfaga på

Vg 1: Musikk/dans/drama (5 t), Musikk (5 t) og Lytting (2 t).
Vg 2: Musikk i perspektiv 1 (5 t), Instrument / kor / samspel 1 (5 t), Musikk fordjuping 1 (5 t) og Ergonomi og rørsle 1 (2 t).
Vg 3: Musikk i perspektiv 2 (5 t), Instrument / kor / samspel 2 (5 t), Musikk fordjuping 2 (5 t), Instruksjon og leiing (5 t) og Ergonomi og rørsle 2 (2 t).

Utdanningsprogram

Faga på vg1:

Faget Musikk, Dans Drama er delt i tre delar. I dans får du ei innføring i grunnelement i dans og prinsipp for rørsle og samhandling. I drama vil du lære noko om drama og teaterfaglege øvingar, teknikkar og metodar. Vi utforskar og skaper sceniske uttrykk gjennom improvisasjonar og framvisingar. I korsong får du høve til å syngje saman med dei andre på musikklina. Det gir deg musikalske opplevingar og du øver opp kommunikasjon og samhandling. Grunnelementa i musikken og utvikling av dugleik i song og stemmebruk gjennom variert musikk er sentralt.

Faget Musikk innheld alle speletimane dine, samspel med andre og grunnleggande praktisk musikklære. Du får undervisning ein skuletime på hovudinstrumentet ditt, og i tillegg til ½ time på kvart av instrumenta song og piano.

Undervisninga på instrumenta handlar om teknikk, øving, notelesing, gehør og individuelt musikalsk uttrykk. I tillegg er improvisasjon, ulike metodar for innstudering, sjølvstendige musikalske val og aktiv deltaking på konsertar viktig. I samspel får du høve til å spele saman med andre innanfor ulike stilartar. Som støttefag til dei utøvande faga får du opplæring i grunnleggjande musikkteori.

I faget Lytting lærer du å lytte til og forstå musikk frå ulike tider og ulike sjangrar.

Faga på vg2:

I faget Instrument, kor, samspel 1 held du fram med hovedinstrumentet ditt. I tillegg får du opplæring på piano (om du ikkje har det som hovudinstrument) som støtte for andre musikkaktivitetar. Du vil og lære å besifre melodiar og bruke ulike akkompagnementsfigurar. I kor og samspel musiserer du saman med andre og sjølvstende og leiaransvar vert meir sentralt enn på vg1.

I faget Musikk i perspektiv 1 lærer du om utviklinga i den klassiske musikkhistoria fram til år 1900, om norsk og samisk folkemusikk og om dei ulike funksjonane musikk kan ha i eit samfunn.

Faget Ergonomi og rørsle 1 er eit framhald av faget Rørsle frå vg1, men har noko fokus på å førebyggje skadar i samband med utøving av musikk.

I faget Musikk fordjuping 1 får du hjelp til å utvikle gehøret ditt, lage enkle musikkstykke, arrangere og komponere og å delta i formidling av utøvande og skapande arbeid.

Faga på vg3:

I faget Musikk i perspektiv 2 lærer du om utviklinga i musikkhistoria frå år 1900 og fram til vår tid dvs. klassisk, pop, rock, jazz, norsk og samisk folkemusikk, og om dei ulike funksjonane musikk kan ha i eit samfunn. Instrument, kor, samspel 2 byggjer på faget frå vg2, men har meir fokus på gode øverutinar. Musikk fordjuping 2 bygger på faget frå vg2, med vekt på ulike stilartar.

I Instruksjon og leiing lærer du enkel dirigering og partiturforståing. Oppvarming, klang, intonasjon og formidling av musikalske intensjonar, repertoarval og leiing av musikkaktivitetar er sentralt. Du lærer å planleggje, gjennomføre og dokumentere produksj

 

Idrettsfag

Idrettsfag er eit studieførebuande utdanningsprogram for deg som vil kombinere interesse for idrett med ei utdanning som gjev studiekompetanse. Det er avhengig av årstrinn, men du får like mange eller fleire timar idrett samanlikna med vanleg studieførebuande utdanningsprogam.

Idrettslinja har to parallelle klassar. Elevane kan ein velje mellom breiddeidrett (fleire idrettar) og toppidrett (fordjuping i ein idrett). Skulen tilbyr følgjande idrettar: Fotball, handball, jibbing og snøbrett. Her kan du vitje facebooksida til snøbrett- og jibbegjengen. Opptaket er basert på karakterar.Vi har toppidrettslinje innan vinteridrettane alpint, freestyle, langrenn og skiskyting. Her har skulen eit nært samarbeid med Olympiatoppen region vest. Dei som ønskjer å søkje her må vere aktive konkuranseutøvarar, og opptaket baserer seg både på karakterar og prestasjonar. For meir informasjon sjå www.vosstoppidrett.no. Idrettsfag er eit utdanningsprogram for dei som vil driva med idrett i den vidaregåande skulen. Timeplanen er lagt opp slik at elevane trener 10 timar i skuletida. Du kan finne ut meir om faga her. Treningsøktene er lagt til tysdag og torsdag morgon. Onsdag trener elevane etter lunsj. Idrettsfag kombinerer teori og praksis på ein god måte og alle som fullfører denne utdanninga får generell studiekompetanse. Skulen samarbeider med idrettslaga på Voss, slik at elevane som går på skulen også får delta i treningane på kveldstid.Tidleg på hausten reiser idrettselevane på friluftsekskursjon med overnatting ute. Dette gjer vi fordi det høyrer heime i læreplanane for faget aktivitetslære og fordi vi ønskjer at alle elevane skal bli betre kjende med kvarandre. Elevane på toppidrett reiser i tillegg på 4 vekesamlingar i løpet av eit skuleår. Då står treninga i hovudfokus. Idrettsmiljøet på Voss gymnas er kjent for å vera godt, og vi veit at elevane trivst svært godt på dette utdanningsprogrammet.