Voss Gymnas

Informasjon om Voss Gymnas

Voss gymnas er ein tradisjonsrik skule som nærmar seg 100 år. Den vart starta opp i 1916 og sjølve skulebyggningen stod klar i 1919. Skulen har vore i stadig utvikling og står no framfor ei omfattande utviding og modernisering. Voss offentlege landsgymnas kom i gang i 1916. Dei siste elevane etter landsgymnasordninga gjekk ut i 1970. Skulen vart overført frå staten til Hordaland fylke i 1965.

Heilt sidan starten har Voss gymnas tilbydd undervisning i allmenne fag. I tråd med Kunnskapsløftet tilbyr skulen i dag ulike utdanningsprogram. Dette er studiespelsialisernande utdanningsprogram, med realfag, språk, samfunnsfag og økonomi, og idrettsfag, med breiddeidrett og toppidrett, og så har vi utdanningsprogram for musikk, dans og drama.

Dei elevane som vel musikk, dans og drama får noko kjennskap til dans og drama, men hovudvekta vil framleis liggje på musikkfaga. Utdanningsprogram for idrettsfag har gradvis utvida tilbodet sitt. Innan breiddeidrett har vi fotball, handball og skileik, og på toppidrett har vi alpint, freestyle, langrenn og skiskyting.

Voss gymnas har omlag 350 elevar fordelt på dei tre studieretningane, og omlag 50 lærarar. Skulen har vorte påbygd og modernisert fleire gonger, men det gamle, staslege hovudbygget inneheld framleis det meste av aktiviteten på skulen.

Fylkestinget har vedteke ny skulestruktur for dei vidaregåande skulane på Voss. I den samanhengen skal Voss gymnas moderniserast. Eit nybygg er tenkt kopla i saman med den gamle hovudbygningen. Etter utbygginga vil skulen ha om lag 800 elevar.

Voss Gymnas i Norge

Internasjonalisering

Elevar i dag møter eit stadig meir internasjonalt og fargerikt miljø. I dette ligg det store og spanande utfordringar for den vidaregåande skulen. Voss gymnas møter dette ved å leggje stor vekt på internasjonalisering i fagleg arbeid, og ved å leggje til rette for ekskursjonar til utlandet, utveksling av elevar og samarbeid med venskapsskular.

Utveksling

Kvart år sender Voss gymnas elevar til ulike land. Dei fleste tek Vg2-året i utlandet og får då stipend frå Lånekassen. Andre vel utvekslingsåret som eit ekstraår, men då får dei ikkje stipend frå Lånekassen. Dei som reiser ut, dreg anten med ein organisasjon eller med ein skuleklasse. Kvart år har skulen også ein eller fleire elevar som kjem frå andre land. Vi meiner at internasjonalisering er viktig!

VG2 i Frankrike

Dette er ei utvekslingsordning i regi av Hordaland fylkeskommunen der du går eitt år på skule i Bassè Normandie i Frankrike. Bassè Normandie er Hordaland fylke sitt venskapsfylke i Frankrike.

Språkekskursjonar

Når ein lærer eit språk, er det spanande å oppleve folk, kultur, landskap og mat på anna vis enn gjennom tekstar og filmar. Difor har framandspråklærarane årleg drege med elevgrupper til utlandet. Vi har turar til England, Tyskland, Spania og Frankrike.

Korleis vert eit år i utlandet godkjent?

Eit år i utlandet må godkjennast slik at det vert teljande som ditt andre år på vidaregåande skule.

Om skulearbeidet

Undervisning
Lærarar og elevar prøver i fellesskap å finna fram til gode undervisningsformer. Det er viktig å variera undervisninga, både fordi elevane lærer på ulikt vis, og fordi undervisninga då vert meir interessant.

Eleven sitt nivå er viktig
For elevane er det avgjerande å få arbeida med fag ut frå deira nivå. Det er få elevar som sluttar ved skulen – kan hende fordi dei eit godt stykke på veg vert hjelpte på det trinn dei står? Flere av våre studenter har gjort karriere innen IT, for eksempel, i Casinospillpånett24.

Fagdagar
Skulen har fagdagar om fredagane. Eleven konsentrerer seg då om eit fag saman med faglæraren. Timetalet til faget avgjer kor mange fagdagar. På fagdagane får eleven høve til fagleg fordjuping samt varierte undervisningsformer, som t.d ekskursjonar eller større prosjekt.

IKT i ulike fag
IKT vert nytta i alle fag. Elev og lærar har eigne bærbare maskiner. Skulen nyttar læringsplattforma ”It`s learning”. Kombinasjonen fagleg dyktige lærarar, samt tilgang på It`s learning og internett sine mange kjelder, gjev rom for mykje variasjon og spenning i timane. Skulen er og bevisst sitt ansvar å læra elevane kjeldekritikk og peika på negative sider ved for stor bruk av data.

Utanlandsekskursjonar
Når ein lærer eit språk, er det spanande å få oppleva folk, kultur, landskap og mat på anna vis enn gjennom tekstar og filmar. Derfor reiser årleg framandspråklærarar med elevgrupper til London, Paris/Normandie, Spania og Berlin. Voss gymnas er også ein internasjonal skule som kvart år sender ut 10-15 elevar til ulike land som utvekslingselevar. Skulen har årleg også utanlandske elevar som fylgjer undervisninga.

Fjellturar/aktivitetsdagar
Fjellturar i vakker natur i Vossafjella plar arrangerast om hausten. Alternativt lagar me aktivitetsdagar på skulen og idrettsplassen der elevar og lærarar kosar seg saman. Det overordna målet med desse dagane er at alle skal verta godt kjende og føla seg trygge.

Elevmiljøet

Ein god skule og eit godt læringsmiljø handlar ikkje berre om undervisning, lekser, prøvar og eksamen. Ein god skule er ein stad der alle er med på å skape eit godt miljø, der alle tek ansvar for si eiga læring, for vener og for samfunnet. Dette krev ein aktiv innsats, og at elevane ser seg sjølve som viktige og positive deltakarar i det som går føre seg på skulen.

Skulen ser det som viktig at elevane er aktive medspelarar når det gjeld undervisningsopplegg og tilrettelegging for god læring. I ein moderne skule skal ikkje eleven vere ein passiv mottakar, men ein aktiv medspelar. Skulen vil ha ei innføringsveke med fokus på dette. Klassane skal også ha klassemøte i midttimen kvar måndag. Der kan klassen diskutere elevrådsaker og saker som gjeld læringssituasjonen deira.

Gjennom arbeid med prosjekt og andre oppgåver vil elevane få høve til å lære gode arbeidsvanar og gjere ein sjølvstendig innsats. Det vert årleg skipa til ekskursjonar til utlandet i samband med undervisninga i språkfaga.

Vi oppmodar elevane om å kome med sine tankar og idear, og til å ta kontakt med lærarar og leiinga så ofte dei måtte ønskje dette. Skulen vil aktivt arbeide for dette, m.a. i form av systematiske elevsamtalar og fagsamtalar.

Skulen vil gjerne leggje tilhøva til rette for frivillige elevaktivitetar, i og utanom skuletida. Lag og grupper som ønskjer det, får disponere rom og utstyr. Dette gjeld t.d. musikkavdelinga og idrettsromma.

Russerevyen ved skulen har solide tradisjonar, og er eit døme på elevaktivitet som skulen stiller seg positiv til. Den frigjer skapande energi og gjev røynsle i samarbeid og ansvarstaking.

Om dette seier læreplanen følgjande:

”Målet for opplæringa er å ruste barn, unge og vaksne til å møte livsens oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Ho skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp.”