Sal og reiseliv vg2
Utdanninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ønskjer å kombinere jobb og utdanning. Vi tilbyr i 2024/25 vg2 sal og reiseliv. Det er undervisning to dagar i veka, i både fellesfag og programfag. Undervisninga vil bli lagt til tysdagar og torsdagar.
Utdanninga går over to år og starta opp i 2023/24 med vg1 sal, service og reiseliv.
Etter vg2 , går du to år i lære i salsfaget eller reiselivsfaget før du kan gå opp til fagprøva. Du er som vaksen sjølv ansvarleg for å søke læreplass. Om du har mykje erfaring, kan du gå opp til fagprøva som praksiskandidat etter skulegang.
Søkjarar med vaksenrett vert prioritert ved inntak, men alle kan søkje.
Kvifor velje sal, service og reiseliv?
Dersom du vel linja sal, service og reiseliv, får du ei utdanning som opnar for ei rekke spennande karrieremogelegheiter innanfor sal, marknadsføring og reiseliv. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli