Hopp til hovedinnhold

Studiespesialierande tilbyr to programfag for deg som ynskjer å vera aktiv og trena samtidig som du går på studiespesialiserande.

Breiddeidrett

Breiddeidrett er eit femtimarsfag som kan veljast av alle som tek studiespesialiserande på vg2 og vg3.

Faget inneheld ulike trenings- og aktivitetsformer der ein jobbar saman mot betre fysisk form i kjekke omgjevnader. Me brukar dei gode fasilitetane me har på skulen, samt den flotte naturen Voss har å by på.

Faget passar for dei som likar å vera i aktivitet og trena i lag med andre. Du får sjansen til å jobba med eit tema over tid. Du får ein skulekvardag med stor variasjon mellom teori og aktivitet. Eit godt miljø i gruppa gjev gode vilkår for meistring, utvikling og trivsel.

Det vert ikkje nytta fysiske testar eller andre testar i faget.

Aktivitetar og idrettar ein er innom:

  • grunntrening/basistrening
  • spinning
  • ulike ballspel
  • frisbee
  • padling i kajakk
  • ski på vinteren
  • bruk av Vossabadet
  • basishallen ved Voss gymnas

Studiesprek

Studiesprek er eit programfag du kan velja på vg1, og er eit femtimarsfag. Faget inneheld ulike trening- og aktivitetsformer der vi saman jobbar mot ein betre fysisk form, i kjekke omgjevnadar. Me brukar dei gode fasilitetane me har på skulen, samt den flotte naturen Voss har å by på. Her er det ingen krav til fysiske ferdigheiter, faget passar for dei som er spreke, som ønskjer å bli spreke eller som berre vil ha ein meir variert skulekvardag. Ei overordna målsetjing er å prøva ut ulike aktivitetar. Om du ønskjer kan faget inngå som eit av programfaga på vg2 eller vg3.

Aktivitetar me er innom:

  • styrketrening som CrossFit, sirkeltrening, kroppsvektstrening og trening med vekter
  • ulike treningsformer med catslides, bungee-strikkar, basisballar, slynger, step
  • uthaldstrening som spinning, intervallar, hinderløype
  • rørsletrening og mobilitet
  • padling i kajakk
  • ski på vinteren
  • fjellturar
  • bruk av Vossabadet
  • klatring
  • stisykling

Saman er vi spreke!